Langrenn Fjellhug Vereide

19 frå Eid på Kleivarennet

Søndag var 19 deltakarar frå Eid kommune med på Kleivarennet med Fjellhug Vereide som arrangør.

Kasper Mundal frå Stårheim IL gjekk inn til 1. plass under Kleivarennet, klasse gutar 16 år.   Foto: Arkiv

Nyhende

Dei representerte Eid IL ski og Stårheim IL ski.

Beste plassering fekk Kasper Mundal frå Stårheim IL med 1. plass i klasse gutar 16 år, 5 km fri. I klasse gutar 12 år kom Øyvind Ariansen, Eid IL, inn på 1. plass.

I klasse gutar 13 år kom Esekiel Henden, Eid IL, inn på ein 2. plass. Og i klasse gutar 15 år fekk også Ingebrigt Nes Hjelle ,Eid IL, ein 2. plass.

I klasse jenter 11 år kom Ronja Haughovd, Stårheim IL, inn på ein 3. plass.


Kleivarennet søndag 3. februar, Resultatliste, deltakarar frå Eid kommune:

Gutar 8 år:

Severin Nes Hjelle, Ari Petrus Prøven Borgund, Viljar Haughovd.

Jenter 9 år:

Oda Mo Kalhagen

Gutar 9 år:

Samuel Henden, Trym Hovden Pile

Jenter 10 år:

Konstanse Henden

Gutar 10 år:

Sivert Tomasgard

Jenter 11 år:

3. Ronja Haughovd,

4. Malene Nes Hjelle

5. Selma Lovisa Endal Andresson

6. Kristina Hanebrekke Hildenes

Gutar 11 år:

5. Olve Mo Kalhagen

Gutar 12 år:

1.Øyvind Ariansen

6. Mats Dahlgren Hjelle

Gutar 13 år:

2.Esekiel Henden

8. Ragnar Nes Hjelle

Jenter 14 år:

3.Ada Johanne Borgund

Gutar 15 år:

2. Ingebrigt Nes Hjelle

Gutar 16 år:

1.Kasper Mundal