–Vil ha fleire på tur

Jan Frode Kleppe Haavik er den nye leiaren i Barnas turlag Eid. Han vil gjerne ha med endå fleire barn og vaksne ut på tur.

Jan Frode Kleppe Haavik er godt nøgd med den første «Kom det ut dagen» som han har vore med å arrangere saman med det nye styret i Barnas turlag Eid. No ser han fram til endå fleire turar, og vil gjerne også ha med seg dei som ikkje har turskoa klar i gangen til einkvar tid.  Foto: Inger Træen

Eg har ikkje ein oppvekst med søndagsturar. Men vil gjerne tilføre mine barn denne kvaliteten

Kor mange rundar har du gått Jonas? Ådne Gilleshammer Skrede (til høgre) på fire år var oppteken av å halde styr på rundar i langrennsløypa. 

Denne gjengen fekk testa grillhytta på søndag. 

Med knall og fall skal skigleda lærast. 

Ove Lotsberg har vore på fleire fjelltoppar enn dei fleste. No har han med seg sonen Vinjar ut på tur. 

Familien Hildenes Hjelle er ofte på tur og hadde funne seg ein fin rasteplass på søndag. 

Kom deg ut dagen freista mange på søndag, der over hundre barn og vaksne hadde funne vegen til skileikområdet på Tua. 

Gustav Orheim (t.v.) og Tom Kruse er to av dei nye medlemmane i styret for Barnas turlag Eid. 

Jonas Oliver Kjøde (5 år) frå Eid fekk ein liten premie for kvar runde han gjekk i langrennsløypa i skileikområdet. 

Nyhende

–Får ein eit positivt tilhøve til friluftsliv og naturen tidleg, er det noko ein vil ta med seg heile livet, seier Jan Frode Kleppe Haavik som er nyvald leiar i Barnas turlag Eid.

Han flytta saman med familien frå Porsgrunn til Eid for fem år sidan, har tre små barn og jobbar som blikkenslager hjå Isovent.

–Vi brukar sjølve å ta med barna ut i naturen så ofte vi kan. Og når ein bur i Prestemarka er det lett å kome seg opp i skogen, seier Kleppe Haavik som i desember blei valt til den nye leiaren i Barnas turlag Eid. Då fekk også turlaget mange nye styremedlemmer.

Endå fleire med

Barnas turlag Eid har i dag rundt 130 barn som medlemmer. Men den nye leiaren vil gjerne ha endå fleire med på tur. Søndag starta turåret med «Kom deg ut dagen» i skileikområdet på Tua. Der til saman 114 skreiv seg i turboka, av desse 60 barn. Det var aking, natursti, skigåing og grilling ute, samt fyr i grillhytta for dei som ville varme seg der. Men dei fleste heldt varmen ute, med full aktivitet i bakken eller langrennsløypa.

–Det er kjekt å sjå at så mange kom hit på det første arrangementet i eit nytt turår. Framover våren vil ha fleire turar, seier den nye leiaren som i tillegg til unge turgåarar gjerne vil ha med nye landsmenn på tur.

Nye landsmenn på tur

–For mange som bur i Norge er naturen og friluftsliv ein del av oppveksten. For innvandrarar kan dette vere ei ukjend verd som dei må lære noko om. Vi ønskjer fleire av innvandrarane som kjem til Eid med på tur. Og ser føre oss bruk av utstyrssentralen Bua for å skaffe utstyr til dei som ikkje har slikt ståande heime, seier Kleppe Haavik som sjølv slett ikkje vaks opp med søndagsturar ute i naturen.

–Eg vaks opp midt i Porsgrunn by. I min oppvekst var det ikkje ut på tur kvar søndag. Men seinare i livet er eg blitt veldig glad i friluftsliv, og vil gjerne tilføre mine barn denne kvaliteten, seier han og opplyser at fin natur rett utanfor stovedøra var ein grunn til at familien valde å flytte til Eid.

–Det er mykje lettare å kome seg ut på tur her på Eid eller i ein by. Det er lett å ta seg ein tur opp i skogen eller opp på fjellet. Vi brukar å ta med barna ut for å lage mat til dømes. Eg er oppteken av å lære vekk det å greie seg ute i naturen, seier Kleppe Haavik som også gjerne set kursen mot toppturar om høvet byr seg.

–Turar i det siste har vore på Besseggen mellom anna. Eg brukar å ta slike turar med vener frå Porsgrunn, så då må vi velje turmål som ligg midt mellom Vestlandet og Austlandet, seier Kleppe Haavik.

Turbotrimmen

Også i år har Barnas turlag tilbod om Turbotrimmen. Det er eit kort som barna kan få utdelt, med tilbod om ulike turar som passar for barn. Så kan barna ta med seg foreldra på desse turane når det måtte passe. For kvar tur får ein eit merke i kortet. Ved slutten av sesongen til hausten kan det vanke nokre premiar til dei som har vore flittige på tur.