Ønskjer samordning med fiber

BEKYMRA: Hans Peter Eidseflot er prosjektleiar i Eid kommune.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Prosjektleiar Hans Peter Eidseflot fortel at Telenor har starta med avvikling av fasttelefonnettet, koparnettet, i form av nedlegging av telesentralane. Telenor har skriftleg varsla om planar om nedlegging av sentralane på Stårheim og i Holmøyane i løpet av 2019. Når dei vert lagt ned, er alternativa fiber eller mobilt breiband. Stårheim har fiber, men det har ikkje Holmøyane.

– Det er relativt uproblematisk der fiber er utbygd, seier Eidseflot, men han er bekymra for dei bygdene der det ikkje er fiber og samstundes dårleg 4G-dekning. Prosjektleiaren opplyste på kommunestyremøtet om at Eid kommune prøver å få til betre samordning når det gjeld nedlegging av telesentralar og utbygging av fiber, at ein ikkje legg ned sentralane før fiberen er på plass.

Status for fiber i Eid

Eid kommune har fått tilsegn om 4,8 millionar kroner til breiband på 2018-løyvinga. I tillegg har kommunen sjølv løyvd 2,6 millionar kroner i tilskot. Det som no skal byggast ut i 2019 er Hjelmelandsdalen, Taklo -Strand og Eidsdalen frå Langeland til Skaugset. Det blir søkt om breibandmidlar til utbygging på Skrede-Holmøyane, Heggjabygda-Navelsaker og Lote-Hennebygda i 2019.