Trur ikkje på balanse i 2020

Prosjektleiar for Stad2020 er uroa for kommunane sine utfordringar med å få balanse i driftsbudsjettet for 2019, og vidare utviklinga i begge kommunane for å oppnå balanse i dei neste åra i økonomiplanperioden.

Betenkte: Både fylkesmann Lars Sponheim og seniorrådgjevar ved fylkesmannen sitt kontor, Kåre Træen, verka betenkte over dei økonomiske utfordringane Stad kommune står framføre i år framover.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Dette kom fram då Fellesnemnda for Eid og Selje vedtok fråsegn om årsbudsjett og økonomiplan for kommunane som no skal slå seg saman.

I fråsegna som politikarane i Fellesnemnda samrøystes slutta seg til vert det peikt på at kommunane Selje og Eid samla vil ha ei urovekkjande høg lånegjeld. Vidare at hovudårsaka til dette er at Eid har ei høg lånegjeld frå tidlegare år, og at Selje vore Robek-kommune i mange år, noko som har ført til at det har akkumulert seg opp eit stort behov for investeringar på eksisterande bygg og vegar.