Kinn vil inn i NoMil

Kristin Maurstad (Ap) er ordførar i Vågsøy og leiar i Nordfjordrådet.  

Nyhende

Fellesnemnda for Kinn har vedtatt at ein skal gå i forhandlingar med NoMil, med mål om at Kinn blir medlem. Forhandlingane er i gong. Kristin Maurstad fortel at eigarane v/ordførarane hadde møte med NoMil nyleg, og det er veldig positiv stemning for å få inn heile Kinn. Bremanger er også med i NoMil. Endeleg vedtak skal gjerast av representantskapet i NoMil i vår, og i eigarkommunane før sommaren. Alle kommunane må gjere likelydande vedtak om endring i vedtekter.

- Må vite konsekvensane

Under orienteringa i formannskapet i Eid var Sigurd Reksnes (Sp) oppteken av dei økonomiske konsekvensane, om kva det vil inneber for eksisterande medlemmene, om det vert dyrare eller billigare.

Reksnes tok til orde for at det må kome ei sak der medlemskommunane får seie om ein ønskjer ei utviding eller ikkje.