HV11 ønskjer auka bruk av Firda kaserne

Sjef HV-11 oberstløytnant John Arvid Svindland inviterer til sonderingsmøte for auka utnytting og bruk av Firda kaserne på Nordfjordeid.

VIKTIG FOR BEREDSKAP: Den nye HV-sjefen, Erik Kristoffersen og sjefen for HV-11, John Arvid Svindland (t.h.) vitja nyleg Firda kaserne og gav uttrykk for at anlegget er viktig for beredskapen.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Sjefen for HV-11 ønskjer å auke bruk og aktivitetane på Firda kaserne og ønskjer å sjå på mogelegheitene for auka samvirke med sine faste sivile samarbeidspartnarar, samt å invitere til auka bruk av kaserna til andre sivile formål.

HV-11 inviterer til eit ope sonderingsmøte på Firda kaserne torsdag 28. mars i håp om å kunne utnytte potensialet til Firda kaserne på ein betre måte, samt sjå på mogelegheitene for auka samvirke og trening med sine sivile beredskapspartnarar.