I 2016 var det 115 fattige barn i Eid og 36 fattige barn i Selje

Ap ønskjer handlingsplan mot ulikskap

Siri Sandvik (Ap) ønskjer handlingsplan for å motverke sosial ulikskap mellom barn og unge.

ØNSKJER TILTAK MOT BARNEFATTIGDOM: Siri Sandvik er gruppeleiar Arbeidarpartiet i Eid og har gjennom ein interpellasjon sett fokus på barn sine oppvekstvilkår.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Gruppeleiar i Ap, Siri Sandvik retta i kommunestyret ein interpellasjon til Eid-ordførar Alfred Bjørlo om barnefattigdom og fekk eit grundig svar og massiv støtte frå andre parti.