Stadutvikling og reisemålsutvikling

– Vi har eit kjempepotensial

– Vi bur i verdas beste kommunar, og eg trur vi skaper noko som kan ha stort potensial og gjere oss særdeles attraktive som ein god plass å bu, seier Geir Årvik i Selje.

Stort potensial: Geir Årvik og Ingvill Flo meiner nye Stad kommune har stort potensial, og meiner planen som no er under utarbeiding må brukast som styringsverktøy i samfunnsplanlegginga. Målet er å utvikle Stad til eit attraktiv bu- og arbeidsområde.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Torsdag fekk kommunestyrepolitikarane i Selje og Eid presentert smakebitar av arbeidet med stadutvikling og reisemålsutvikling som no er gjort. Det har vore folkemøte i ni skulekrinsar, og resultatet begynner å ta form. Det er også utarbeidd detaljrapportar for kvar av desse skulekrinsane.