– Prøver å unngå oppseiingar

MÅ SPARE MANGE MILLIONAR KRONER: Rådmann Åslaug Krogsæter har ein tøff jobb framfor seg med millioninnsparingar dei komande åra. Arkivfoto  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

– Vi må ned på driftsnivå, vi har ikkje råd til å ha så mange tilsette, understreka programleiar Åslaug Krogsæter då ho orienterte politikarane i Eid og Selje i felles kommunestyremøte nyleg.

– Driftsnivået må ned, det betyr færre tilsette. Vi prøver å unngå oppseiingar. Vi prøver å finne andre måtar å løyse det på, sa ho.

Selje skal gjennomføre ei innsparing på 4,8 millionar kroner og i Eid må ein spare 12 millionar kroner i 2019.

Og verre blir det. I 2020 er det behov for å spare 30 (11+19) millionar kroner i Stad kommune, og i 2021 er det behov for innsparing på 36 (11+25) millionar kroner.

Det er i dag om lag 1000 kommunalt tilsette i Eid og Selje.

Krogsæter fortalde politikarane at ho opplever at dei tilsette er veldig solidariske, at folk tek tak.