Ventar med sal av areal

  Foto: Kart frå Eid kommune

Nyhende

Kommunestyret i Eid sende sak om opsjon på kjøp av kommunalt areal i Lunden til teknisk- og samfunnsutval og formannskap. Dette området i Lunden er ein del av godkjent detaljreguleringsplan for tilkomst for bustadprosjektet i regi av Din Bustad AS. Bakgrunnen for søknaden om kjøp er at Bustad AS ønskjer føreseielege ytre rammer for vegtilkomst til bustadprosjektet.

Også ein nabo på den andre sida av Bankgata har ytra ønske om kjøp.

Fleire av kommunestyremedlemmene var forundra over at denne saka kom direkte til kommunestyret utan å ha vore behandla i politiske utval først.

Saka skal handsamast av teknisk- og samfunnsutval i morgon.