Tilrår avslag på klage

Odd Kjetil Liseth har på vegner av grunneigar Erling Martin Midthjell klaga på avslag på dispensasjon og delingsløyve som gjeld ei bustadtomt i utmarka på Midthjell.

HAR KLAGA: Odd Kjetil Liseth meiner at ulempa med signaleffekten ved å avslå søknad om busetnad i fråflyttingstruga bygder ikkje er teke tilstrekkeleg omsyn til. Arkivfoto: Per Ole Lefdalsnes  Foto: Per Ole Lefdalsnes

Nyhende

Klaga skal handsamast av teknisk- og samfunnsutval i Eid i møte i morgon. Rådmannen si tilråding er å oppretthalde avslaget og sende saka over til Fylkesmannen i Vestland for endeleg avgjerd.