Mottaking på slottet

I desember 1998 blei Opera Nordfjord formelt stifta. Vel tjue år seinare kunne Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich sitte til bords på Kongen sitt slott.

Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich fekk i førre veke handhelse på Kongen og dronninga. Med til slottet var også barna Aleksander og Agnes.   Foto: Heiko Junge NTB Scanpix

Nyhende

–Det er nesten litt uverkeleg og vanskeleg å forstå kva vi har vore med på.

Dette seier sjef for Opera Nordfjord, Kari Standal Pavelich, etter møtet med Kongen og dronninga på slottet torsdag i førre veke. I oktober 2018 fekk dei Kongens fortenestemedalje for sitt arbeid med å byggje opp Opera Nordfjord gjennom 20 år. I førre veke blei dei invitert til mottaking på slottet saman med 28 andre som også har fått denne medaljen.