Kystverket borer hol i Stadlandet

Samferdsledepartementet har bede Kystverket om å rekna ut på nytt kva utbygginga av Stad skipstunnel vil kosta. Eitt ledd i det arbeidet er å bore eit 1,7 kilometer langt hol.

Kystverket har starta arbeidet med å kvalitetssikra prisen på Stad skipstunnel. Ein del av arbeidet er å ta ut bergprøvar i den 1,7 kilometer lange traseen til tunnelen.  Foto: Snøhetta/Kystverket (Illustrasjon)

Nyhende

– Om nokon skulle lura, er det altså ikkje snakk om at me startar bygginga av skipstunnelen. Det er berre snakk om nye og grundigare undersøkingar av bergkvaliteten, forklarar Terje Andreassen til Kystverket.no. Han er prosjektleiar for Stad skipstunnel.