Vil kombinere næring og leilegheiter i Osnestunet

Har kjøpt «Osneshuset»

Stårheim Bygg AS og Moengården Vest AS har oppretta selskapet Osnestunet AS, som har kjøpt eigedom i Eidsgata 43. Kjøpet omfattar «Osneshuset» og bygget der Fabrikken og Antonsen jernvare tidlegare heldt til.

– Det er eit fint hus, seier Terje Johnsen frå Stårheim Bygg AS.  Foto: Anna Wuttudal

Det er eit fint hus.

Terje Johnsen i Osnestunet AS
Nyhende

Sjef i Stårheim Bygg, Terje Johnsen fortel at planen går ut på å fornye området med ein kombinasjon av næringslokale og leilegheiter. Selskapet har også gjort avtale om å kjøpe naboeigedommen i sør som grensar til Eidsgata, bygget med «Klemmekroken.»

Johnsen fortel at Osneshuset vil bli pussa opp, og det vil som no vere forretningslokale i første etasje og i tillegg fire leilegheiter.