Får skilt med 50-sone på Bjørlo

Regionvegkontoret har vedteke at det skal setjast opp trafikkskilt med 50 km/t på Bjørlo.

NEDSETT FARTSGRENSE: Fylkesveg 663 på sørsida av Eidselva frå krysset E39 v/Skipenes bru til E39 på Nor heiter no Norsvegen. På strekninga er det stort sett 80-sone, men no altså 50-sone på ein liten parsell på Bjørlo.  Foto: Kart Statens vegvesen

Nyhende

Redusert fartsgrense gjeld berre ein parsell på 475 meter på fv. 663 Norsvegen. Vegen går på sørsida av Eidselva frå Skipenes bru til Nor bru.

Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Eid kommune har hatt saka på høyring. Eid kommune er i si fråsegn samd i at fartsgrensa vert redusert, og vonar erfaringane er så gode at vegvesenet i ettertid kan vurdere å setje ned fartsgrensa i andre trafikkfarlege område. Kommunen viser konkret til andre deler av strekninga Skipenes-Nor, der det er fartsgrense 80 km/t og som er skuleveg.