Aarskog ny styreleiar

STYRELEIAR: Eli Førde Aarskog  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Eid kommunestyre har valt Eli Førde Aarskog som ny styremedlem og attval på varamedlem Lars-Svein Drabløs til styret i Norsk Fjordhestsenter AS. Senteret er eigd av tre partar, Eid kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norsk Fjordhestlag. Det har vore vanleg at Eid kommune har styreleiar. Kjell Magne Åshamar har vore styreleiar, men ønskte ikkje å halde fram. Styret konstituerer seg sjølv, og Aarskog har allereie blitt konstituert som leiar. Norsk Fjordhestsenter har til føremål å fremme fjordhesten som nasjonal rase gjennom å gjennomføre nasjonale mål og strategiar innan avl og bruk for fjordhesten.


Selskapet skal arbeide aktivt for å få finansiert oppgåver knytt til dette målet, slik at senteret kan framstå med det største og beste kompetansemiljøet for fjordhest, og ha eit moderne nasjonalt anlegg.