Ny personleg besteplassering av Ingrid Heggen

Ingrid Heggen, Stårheim IL, gjekk inn til ein 9. plass skiskyting i dag. Det er personleg besteplassering for syttenåringen frå Heggjabygda.

Ingrid Heggen frå Heggjabygda startar for Stårheim IL. I dag kom ho inn på ein 9.plass på sprinten, under kalde tilhøve i Os i Østerdalen.   Foto: Privat

Nyhende

På grunn av kulde på minus seksten grader i Os i Østerdalen i dag tidleg, vart det ikkje jaktstart i Norgescupen for juniorane.

Rennet blei utsett nokre timar og omgjort til sprint.

Ingrid Heggen fekk sin beste plassering med ein 9. plass i klasse kvinner 17 år. Ho kom inn 3:28 bak vinnaren.

Oselie Henden, Eid IL,  blei nummer 16,  og kom inn 4:31 bak vinnaren.

Tvinnereim imponerte

I same klassa, kvinner 17 år, tok Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg IL/Stryn vgs., førsteplassen under sprinten på søndag, i konkurranse med 29 startande frå heile landet. Tvinnereim gjekk inn til mål over eitt minutt før neste kvinne.

På laurdag fekk skiskyttaren frå Hardbagg IL ein 2. plass i sprinten.


Bendik Vereide, Stårheim IL/Stryn vgs. fekk tre strafferundar og blei nummer ni på sprinten i dag, klasse menn 17 år.

Ask Haughovd blei nummer 32 i same klasse.