Lokalradioane kan få ti nye år på FM

No er det håp om at lokalradioane kan få sende på FM-nettet fram til 2031.

Bilde frå studio til Nordfjord nærradio på Nordfjordeid.   Foto: Arkiv

Nyhende

Kulturdepartementet vurderer om lokalradioane kan få bli på FM-nettet heilt fram til 2031, skriv Klassekampen på nett.

Planen var først å stenge FM-nettet 31. desember 2021, slik at lokalradioane også må gå over på DAB.

Men no har Kulturdepartementet gjeve Medietilsynet beskjed om å greie ut om lokalradioane kan halde fram med FM-sending fram til 2031.