Eid Idrettslag

Har blitt trafikksikker klubb

No har Eid IL vorte sertifisert som trafikksikker klubb.

Sertifisert: Eid fotball er Trafikksikker klubb. Driftig klubb med offensive damer i Eid klubbhus: Eli Bente Lote Henden, May Britt Håland, leiar Jannicke Hagen Henden og Audun Heggestad i Trygg Trafikk.   Foto: Privat

Nyhende

Det skjedde på klubbmøte på Nordfjordeid 21. januar, og det var Trygg Trafikk ved Audun Heggestad og NFF Sogn og Fjordane ved Svein Olav Myklebust som stod for overrekkinga.

Mykje transport

Trafikksikker fotballklubb er eit konsept for å kvalitetssikre klubben sitt tryggleiksarbeid i høve Stortinget sin visjon om 0-drepne og 0-hardt skadde i trafikken.

I Sogn og Fjordane er det nær 13.000 aktive spelarar, trenarar, dommarar og forelder, som brukar mykje tid på transport til og frå trening og kamp.

FTU (Fylkestrafikktryggleiksutvalet), Trygg Trafikk og NFF Sogn og Fjordane jobbar tett mot klubbane i fylket for å fremje tryggleikstenking i høve transport av fotballfolk.

Trygg plass

Målet vårt er at idretten skal vere ein trygg plass for barn og unge. Førebyggande arbeid, som t.d. fair play, trygg transport, politiattestar og førstehjelpsutstyr er eit førebyggande arbeid NFF Sogn og Fjordane gjer i lag med tidlegare nemnde aktørar og fylkeskommunen.

Det å vere «Trafikksikker klubb» gjev ingen garanti for at ei ulukke ikkje kan skje, men forståing av problemstillinga, og at tryggleiksarbeidet blir sett i system, gjer at klubben får eit medvite ansvar.

Eid IL utmerkar seg

Eid IL er ein stor klubb som utmerkar seg sportsleg og organisatorisk, og når klubben vel å profilere seg som Trafikksikker klubb er det viktig for omdøme til prosjektet, seier ein nøgd leiar for Trygg Trafikk Sogn og Fjordane Audun Heggestad.

Eid kommune skreiv alt i 2015 under ei intensjonsavtale med Trygg Trafikk om å bli «Trafikksikker kommune». Eid var første kommunen i Sogn og Fjordane som gjekk inn i eit slikt samarbeid med Trygg Trafikk, og i 2018 var arbeidet sluttført og kommunen autorisert. Eid IL fotball følgjer slik sett opp intensjonen i arbeidet. Eid har over tid vist veg i trafikktryggleiksarbeid, og har vunne ulike kåringar og vore kjent for gode rutinar kring klubbussen, uttalar DL i NFF Sogn og Fjordane Svein Olav Myklebust.

Rutinar rundt bruk

Leiar Jannicke Hagen Henden fortel at klubben har laga ei brosjyre, og at det blir omtale av prosjektet på heimesida, facebook og på alle informasjonsmøter. Hagen fortel at arbeidet også omfattar rutinar kring bruk av klubb buss og rutinar kring bruk av den.

I tillegg til sertifiseringsskilt og plakatar med informasjon, får klubben 5000 kroner av FTU og NFF Sogn og Fjordane for godt arbeid.

Tidlegare er Sandane, Vik, Jotun, Stryn, Førde og Kaupanger sertifisert. Sertifiseringa gjeld i 3 år.

Vi gratulerer klubben med enda ein suksess og flott arbeid.