Går mot eitt fylkesbibliotek for Vestland

Fylkesbiblioteket i Bergen eller Førde?

I dag er det 26 folkebibliotek som Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har støtte- og rådgjevingsfunksjon for. Under nye Vestland kan det bli eitt fylkesbibliotek med til saman 43 folkebibliotek.

Biblioteksjefar i Nordfjord og Flora i dialogmøte med tilsette innan Fylkesbiblioteket, der mellom anna regionreforma stod på timeplanen. Bak frå venstre: Siv-Merete Hatlem og Anja Aga Ramstad, S og Fj. fylkesbibl., Randi Tveit Solheim, Bremanger, Eli Eide Årevik, Selje, Kristin Hatledal, Stryn, Gyri Tolaas, Eid og Eli Eidsvik, Flora. Framme frå venstre; fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen, Torill Berge, Gloppen og Anja Angelskår Mjelde, S og Fj. fylkesbibliotek. foto: inger træen  Foto: Inger Træen

Nyhende

I desse dagar blir den nye strukturen for fylkesbibliotek innan Vestland fylke bestemt. Det som er på trappene er samanslåing av Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Hordaland fylkesbibliotek til ei felles eining. Eitt større fylkesbibliotek med fleire folkebibliotek å stelle seg til. I tillegg kjem reine skulebibliotek, sjukehusbibliotek og høgskulebibliotek.

Kultur, idrett og inkludering

I nye Vestland fylkeskommune vil biblioteka kome under seksjonseininga Kultur, idrett og inkludering. Den nye fylkesdirektøren er Per Morten Ekerhovd som i dag er fungerande fylkesdirektør for kultur og idrett i Hordaland fylkeskommune.