Ein aktiv kvardag med trening og ungdom

For Jakob Leivdal Haavik er bygda gull verdt og med mange moglegheiter. Sjølv er han aktiv med ungdomsarbeid, natur, trening, Hjelpekorps og musikk.

Ungdomsarbeidar: Jakob Leivdal Haavik har vore tilsett i Eid kyrkjekontor som ungdomsarbeidar sidan 2018. Han er også aktiv innan trening, musikk og Hjelpekorpset, noko han trivst svært godt med.   Foto: Olin Maria Yri

Den tilgjengelegheita vi har her på bygda er gull.

Nyhende

Jakob Leivdal Haavik (23), frå Leivdalen i Eid, hadde vore lærling og tilsett i Gardit Lås og Sikkerheit i fire år. Så reiste han på tur til USA der han deltok på eit seminar. Deretter reiste Jakob på tur åleine i Jotunheimen der han gjekk frå hytte til hytte. Desse to turane gjorde at Jakob tok eit steg tilbake for å tenke over vala sine og kva framtida skulle innehalde. Det enda med at han sa opp jobben på Gardit, og då sommaren nærma seg vart han kontakta av Eid kyrkjekontor som lurte på om han kunne tenkje seg å vere med å halde Eid kyrkjetun ope for ungdommar på fredagar. Det ville han sjølvsagt, og Jakob har no vore tilsett i Eid kyrkjekontor som ungdomsarbeidar sidan august 2018. Det har vore nokre spennande månadar, og no ser han fram til å kjøpe inn nye spel og utstyr som ungdommen kan ha glede av.