Triveleg på spøtepreike i Kjølsdalen

Prestane tok seg av den raude tråden og den åndelege føda. I kyrkjebenkane gjekk strikkepinnane taktfast.

Dei fleste av dei frammøtte hadde med seg strikketøyet, og kunne nytte høvet medan preika og songen gjekk sin gang. Rundt femti møtte fram på spøtepreike i Kjølsdalen, og dei kom frå tre kommunar i Nordfjord. Liturgien var ved Kari Leine Balog og Henny Koppen, Ralph Cupper spelte på orgelet.  Foto: Inger Træen

Nyhende

Opp under femti kvinner og to menn møtte fram under strikkegudsteneste, eller spøtepreike i Kjølsdalen onsdag kveld. Mest alle kvinnene hadde teke med seg spøtet sitt frå sofakroken heime, til ei lun stemning i Kjølsdalen kyrkje.