Stort snøskred i Oldedalen

Fredag ettermiddag gjekk det eit større snøskred ved Sunde bru i Oldedalen. Vegen blei stengt til rundt klokka ni i dag tidleg.

Skredet kom ned ved Sunde bru i Oldedalen.  

Nyhende

Skredet gjekk over fylkesveg 724 ved gardane Sunde og Gjerde i Oldedalen. Skredet var så kraftig at det gjekk over isen og opp på andre sida av dalbotnen, skriv NRK Sogn og Fjordane på nett.

Daginn Gytri, som bur på andre sida av Oldevatnet, blei augevitne til snøskredet.

Til alt hell blei verken bilar eller folk tatt av raset som sperra inne folket i Oldedalen i går kveld.

Snøskredet som gjekk bli kalla for Breiskreda, og det var kraftige fonnvindar på søraustleg retning som utløyste skredet.