4. plass i Norgescupen

Bendik Vereide frå Stårheim IL/Stryn vgs. kom inn til ein 4. plass i Norgescup skiskyting i dag. Oselie Henden frå Eid IL skiskyting kom på 14. plass.

Bendik Vereide frå Stårheim IL/Stryn vgs. sikra seg ein 4. plass i skiskyttarcupen i dag.   Foto: Arkiv

Oselie Henden frå Eid IL skiskyting kom inn til ein 14. plass i klasse junior kvinner 17 år.   Foto: Arkiv

Nyhende

Norgescupen blir arrangert i helga i Os i Østerdalen. I dag var det sprint som stod på programmet.

Bendik Vereide gjekk inn til 4. plass i klasse junior menn 17 år. Han kom inn to minutt og fem sekund bak førsteplassen. Det var totalt 61 som fullførte i den klassa.

I same klasse kom Ask Haughovd frå Stårheim IL/Stryn vgs. inn til ein 50. plass.


I klasse junior kvinner 17 år blei Oselie Henden nummer 14, tre minutt og 43 sekund bak førsteplassen.

I denne klassa kom Gunn Kristi Tvinnereim frå Hardbagg IL/Stryn vgs. inn til ein 2. plass.

Det var totalt 28 som fullførte i denne klassa.

I same klasse kom Ingrid Heggen, Stårheim IL, inn til ein 23. plass.

I morgon er det klart for jaktstart.