– No ser eg fram til å kunne gå tur i dagslys

Torsdag 31. januar hadde Marit Hjelle sin siste arbeidsdag i Sparebanken Vest. – Litt vemodig, men eg ser fram til å kunne gå tur i dagsljos, sa Marit til Fjordabladet.

100 år: Nordfjord Sparebank har betydd mykje for innbyggarane i Eid. Då banken markerte sitt 100-årsjubileum i april 1953 var det eit stort oppslag på førstesida av Fjordabladet. Alle foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Ein skranke: Tidene har forandra seg veldig i løpet av dei 32 åra Marit Hjelle har jobba i Sparebanken Vest. Då Marit starta i Nordfjord Sparebank var det ein lang skranke der bankkundane fekk gjort unna sine saker, i dag er det ein skranke.  Foto: Tormod Flatebø

Protokoll: Marit Hjelle studerer den aller første protokollen frå 1853 då Kong Carl Johans kornbank vart til pengebanken Sparebanken Nordfjord.  Foto: Tormod Flatebø

Siste dag: Torsdag hadde Marit Hjelle sin siste dag som kunderådgjevar i Sparebanken Vest sitt banklokale på Nordfjordeid. 32 års teneste hjå same arbeidsgjevar vart markert med litt kake. Litt vemodig for Marit, men sikkert meir vemodig for dei andre som jobbar i banken. Foto: Olin Maria Yri  Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Nordfjord Sparebank, ein av dei eldste bankane i Sogn og Fjordane, vart skipa i april 1853. Grunnfondet kom frå salet av bygningen som husa Nordfjord kornmagasin på Mel. I 1971 vart fire lokale bankar til ein, då Nordfjord Sparebank i Eid, Nord-Vågsøy Sparebank i Måløy, Selje Sparebank og Davik Sparebank vart Sparebanken Nordfjord. I 1989 vart siste kapittel i historia, så langt, skrive då Sparebanken Nordfjord vart ein del av vestlandsbanken, Sparebanken Vest.

Mot ei ny tid

Marit Hjelle starta sin arbeidsdag i Sparebanken Nordfjord i 1986. Torsdag 31. januar, var kontoret rydda, og siste dag i eit arbeidsforhold som hadde vart heile 32 år var over.

–Det har vore ei flott reise. Den har vore gjevande og interessant. Det aller kjekkaste med jobben i banken har vore møtet med banken sine kundar. I tillegg til at det har vore utruleg kjekt å kunne vere med å bidra til at kundane av banken har fått løyst sine utfordringar, så har det også vore ei reise inn i ei ny tid når det gjeld måten å løyse banktenester på. Då eg starta i banken hadde vi skranke i første etasje der fire bankfunksjonærar hadde sin faste plass for å hjelpe kundane med inn- og utbetalingar av kontantar, giroar, sjekkar og elles alt det banken måtte hjelpe til med. I dag har vi ikkje kontantar i skranken, berre i automatane. I same etasje vart det også informasjonsskranke og depotavdeling. I andre etasje sat dei som gjorde etterarbeidet med tenestene bankkundane gjorde i skranken. Banken si bedriftsavdeling også i andre etasje. I dag går mange med banken i lomma. Altså på mobiltelefonen, seier Marit som i ein kortare periode hadde kontorstad i Gamlebanken på grunn av ombygging av bankbygget.

–Det var litt spesielt å ha kontor der det var så mykje historie i veggane, seier Marit.

Diplomøkonom

Marit Hjelle gjekk på reallinja på Eids Gymnas. Seinare vart det bedriftsleiarskule gjennom Norsk korrespondanseskule og vidareutdanning i BI-systemet. I dag er Marit diplomøkonom innan bank og finans og autorisert finansiell rådgjevar.

– Ein grunn til at eg søkte jobb i bank hadde samanheng med at eg fekk høve til å ta vidareutdanning. Bankakademiet, som var eigd og drive av bankane vart lagt ned, og BI-systemet overtok den utdanninga som bankane sjølv tidlegare hadde drive. Personleg tok eg vidareutdanning i BI-systemet.

Kvardagen

–I gamle dagar var det slik at folk kom til banksjefen, meir eller mindre med hua i handa og bad tynt om lån til eitt og hitt. Er det slik du også har opplevd kvardagen som rådgjevar?

–Nei slik er det ikkje i dag. Skilje mellom rådgjevar og bankkunde er nok nærast viska ut. Jobben vår, med alle dei verktøy vi i dag har, er å gje folk gode råd i økonomiske spørsmål, samstundes som banken kan hjelpe til med å realisere gode planar, både når det gjeld private prosjekt og/eller næring. Den lange skranken som vi tidlegare har vore inne på, og avstanden den symboliserte til publikum, har blitt byta ut med rådgjevarplassar. Vi kommuniserer med kundane på e-post, SMS og telefon. Likevel høyrer vi ofte at kundane set stor pris på å kome inn å få snakke med ein rådgjevar. Eg meiner difor at det er viktig at vi er på plass i lokalmiljøet. Vi i banken var tidlegare ekspeditørar, no er vi rådgjevarar og skal ha kunnskap og gi råd vedkomande kunden sin økonomiske situasjon både på lån, sparing og forsikring.

Heile Nordfjord

–For ikkje så mange år tilbake, var det bank og/eller bankfilialar i dei fleste bygder. I dag er mange av dei minste kontora borte. Korleis var din kvardag i forhold til dette?

–Då eg starta i banken hadde Sparebanken Nordfjord filialar i Selje, Måløy, Stadlandet, Davik, Flatraket, Raudeberg og på Bryggja. I tillegg hadde banken kontor på Stårheim og i Kjølsdalen. Personleg har eg jobba på dei fleste av dei. I dag er det tre kontor i Nordfjord, seier Marit som i 2007 fekk stilling som kontorsjef ved Sparebanken Vest sitt kontor i Stryn.

–Her fekk eg høve til å vere med å bygge opp filialen i indre Nordfjord. I motsetnad til Eid, der Sparebanken Vest er marknadsleiande, så var satsinga i Stryn å gå inn på upløgd mark. I dette området var det Nordea og Sparebanken Sogn og Fjordane som var marknadsleiande. Eg jobba i Stryn frå 2007 til 2013, då eg var tilbake på kontoret på Nordfjordeid. I dag går det veldig bra for banken i Stryn, som no har tre tilsette, seier Marit som legg til at noko av det kjekkaste med å jobbe i ein sparebank, i motsetnad til forretningsbank, er at sparebankane gir millionar av kroner av overskotet tilbake til lokalsamfunna.

Skiskyting

Jobb er jobb og fritid er fritid, også for Marit Hjelle, som i alle år har hatt stor interesse og hugnad for skisport. For henne var det, då som no, langrennsskia som var med på tur. Når skisporet lokka mor, så var det kanskje ikkje så underleg at borna følgde etter. Både sonen Arne og dottera Nora var aktive innan skiskyting, og då var det mor Marit som følgde med.

–For meg var det heilt naturleg å bli ein del av borna sine aktivitetar.

Å bli med førte også til at Marit sa ja, då ho fekk spørsmål om å bli leiar i Sogn og Fjordane skiskyttarkrins.

–Er vi med på borna sine aktivitetar, så er det også viktig at ein stiller seg positiv til å ta på seg verv. For min del handla det om verv i skiskyttarkrinsen, der eg var leiar i seks år. Det vart mange turar til ulike arenaer. Då borna var under junioralder gjekk dei fleste turane rundt om i Sogn og Fjordane, i tillegg til ein og annan tur til nabofylka. Då Arne vart junior, blei det turar over rundt om i heile landet, alt etter kor renn i Norges Cupen vart arrangert, seier Marit som delte på oppgåvene som tilretteleggar, reiseleiar og smørjar saman med dei andre foreldra.

Topp idrettsutøvarar

–Det som er ekstra kjekt å tenke tilbake på, er kor mange gode skiskyttarar vi fekk fram. Dei mest kjende er brørne Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø. Då Tarjei Bø vart olympisk meister på skiskyttarstafetten under Vancouver-OL var vi på skiskyttarstemne på Steinkjærsannan. Då sat vi saman med resten av Bø-familien, inklusive Johannes, og såg rennet på TV. Ei stor hending for oss som driv med skiskyting i Sogn og Fjordane. I dag opplever vi det same når Johannes Thingnes Bø gjer reint bord i verdscupen rundt om i verda.

–Ei anna viktig side ved idretten, er kor kontaktskapande idretten er. Dei aktive løparane, uansett alder, knyter vennskap med likesinna over heile landet. Ofte er dette kameratskap som varer livet ut.

–No er det slik at du ikkje lenger er leiar i skiskyttarkrinsen. Du seier takk og farvel til kontoret, der du har vore i 32 år. Kva ser du mest fram til?

– Det kan vere mange ting, men noko av det eg gler meg mest til er på kunne gå tur i dagslys, seier Marit Hjelle som legg til at det ho kjem til å sakne mest når ho går ut bankdøra, er samværet med alle dei gode kollegaene.

–Det er ein heilt fantastisk gjeng. Det har vore ein sann fryd å få vere ein del av, og jobbe saman dei som er no og alle dei andre gode kollegaene eg har fått jobbe saman med opp gjennom åra, seier ho.