Cruiseday blir festdag på Nordfjordeid

Inviterer til Sagastad, vikingar og fjordhest

I sommar kjem det 55.000 cruiseturistar til Nordfjordeid. I Eid er ein i full sving med å førebu seg på å bli ein attraktiv turistkommune.

GOD STEMNING: Det var god stemning og ein optimistisk tone med framtidsretta innslag då næringslivet i Stad kommune møttest.  Foto: Anna Wuttudal

Hovudattraksjonen vil vere Sagastad.

Nyhende

Det var fullt hus og god stemning då Stad Vekst AS inviterte til frukostmøte på Nordfjord hotell onsdag. Etter ein betre frukost fekk dei frammøtte mellom anna høyre om korleis ein i Eid førebur seg til å ta imot 55.000 cruiseturistar i 2019.