Tap og uavgjort mot Florø

Damelaget til Eid spelte to handballkampar laurdag i 4. divisjon. Det vart tap og uavgjort mot Florø og Florø 2.

Handball: Eid sitt damelag spelte mot Florø og Florø 2 laurdag. Det vart både tap og uavgjort. Foto: Arkiv 

Nyhende

Eid sitt damelag var i helga i Florø og spelte to handballkampar i 4. divisjon. Kampane vart spelt på Florø idrettssenter på laurdag. Den første kampen mot Florø enda med stillinga 29–19 til Florø. Det stod 12–11 til pause, men Florø vart for sterke for Eid i andre omgang, og vann suverent.

Uavgjort

Den andre kampen damelaget til Eid spelte var mot Florø 2. Denne kampen vart jamnare , og til pause stod det 11–11. I andre omgang vart det også ein jamn kamp, og det enda til slutt med uavgjort og stillinga 20–20.