Store skilnader i synet på turisme

Folk i område med mange turistar opplever langt fleire negative konsekvensar av turisme enn folk elles i landet. Samtidig meiner folk i pressområda at turisme fører med seg mest positivt, viser ny undersøking.

Fire av ti innbyggjarar i pressområde med mange turistar meiner det er for mange turistar der dei bur. Ikkje minst er det mange som meiner det er for mange cruiseturistar. Samtidig meiner mange i typiske turistområde at turisme fører med seg mykje positivt. Her frå Flåm.  Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Funna kjem fram i rapporten til Innovasjon Noreg «Nordmenns syn på turisme 2018». Det første gongen Innovasjon Noreg har kartlagt haldningane nordmenn har til turisme.