Cuppers starar opp med

Seniortreff i Eid

Karin og Ralph John Cupper startar opp ein ny møteplass for seniorar og andre som har lyst til å kome saman for å ha det kjekt i lag.

TREFF I BETANIA: Karin og Ralph John Cupper inviterer til seniortreff i Betania, første gong 23. januar.  Foto: Anns Wuttudal

Her kan ein kome saman til hyggeleg treff og ein god prat i staden for å sitje einsame kvar for seg.

Nyhende

– Eid seniortreff er til alle. Det er ingen aldersgrenser. Du kan vere ein ung pensjonist, ein ikkje så ung pensjonist eller ikkje pensjonist. Alle er velkomne. Vi skal kose oss med kaffi og kaker. Det blir song og musikk, og vi skal kvar gong ha med oss ein gjest, fortel Karin Cupper.