Miljøbevisste ungdommar jobbar for naturvern

5.–8. januar arrangerte Natur og Ungdom sitt landsmøte i Fredrikstad. Der møttest 300 unge miljøaktivistar frå Lyngdal i sør til Hammerfest i nord.

Nordfjord Natur og Ungdom: Få venstre: Frida Leknes, Juni Margrete Solbakk Flølo, Frida Bjørnereim, Håvard Sætre og Knut Isdal Lindstrøm. 

Naturvern må få ein mykje større rolle nasjonalt, men også lokalt.

Nyhende

På møtet var også ungdommane Knut Isdal Lindstrøm, Frida Leknes, Juni Margrete Solbakk Flølo, Håvard Sætre og Frida Bjørnereim frå Nordfjord Natur og Ungdom. Dei tok turen for å vere med og bestemme korleis Noreg sin største miljøorganisasjon for unge skal styrast, og kva dei skal jobbe med.

Lavutsleppssamfunn

– Som FNs klimapanel fastslo i sin nyaste rapport så hastar det no verkeleg å endre samfunnet vårt til eit lavutsleppssamfunn, spesielt for ein oljenasjon som Noreg. Det er derfor det er så viktig at vi er med og bestemmer korleis Natur og Ungdom skal jobbe for eit meir miljøvennleg samfunn. Det seier Knut Isdal Lindstrøm, lokallagsleiar i Nordfjord Natur og Ungdom

Vi må handle lokalt

– Samtidig blir sårbar natur trua over heile landet av utbygging, avfall frå gruveindustrien og andre næringar, plastforureining og av tankar om kortsiktig profitt.

– Naturvern må få ein mykje større rolle nasjonalt, men også lokalt. Ein ser det veldig godt i Førdefjord-saka. Å beskytte naturen er å tenke nasjonalt, og å handle lokalt, fastslår Frida Leknes, representant frå Nordfjord Natur og Ungdom.

Heftig program

På Natur og Ungdom sitt landsmøte var Firda-elevane gjennom eit heftig program. Det vart debattert og vedtatt blant anna miljøpolitisk plattform, vedtekter, arbeidsprogram, budsjett, og val. I Natur og Ungdom er det lokallaga som bestemmer kva organisasjonen skal jobbe med.

Får vere med på å påverke

– Ein lærer enormt mykje av å vere med på å bestemme korleis ein stor organisasjon som Natur og Ungdom skal jobbe. Ein får vere med på å påverke noko som er mykje større enn seg sjølv, og som får verkelege konsekvensar i samfunnet. Det er fantastisk å kunne jobbe for at samfunnet skal gå i ei meir klimavennleg retning, seier Frida Bjørnereim, som var på landsmøtet i 2018.