Rehabilitering av undervarmeanlegget i Eid Idrettspark

Med i kommunedelplanen

Onsdag vedtok eit samrøystes Oppvekst- og kulturutval den endelege prioriteringslista for ordinære anlegg for idrett og fysisk aktivitet, samt prioriteringa av nærmiljøanlegg.

Oppvekst- og kulturutvalet: Frå venstre: Tone Flem Ulvestad (Ap), John Ingvald Myklebust (H), Inger Helen Haavik (H), Margot Åsebø (V), utvalsleiar Knut Tore Nes Hjelle (V), Lars Helge Lillebø Hopland (KrF), Ann-Magritt Hopland Eikås (Sp), Hege Aardal (Sp) og Hans Petter Gilleshammer (Ap). Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet, er eit 4-årig handlingsprogram som skal rullerast årleg. Sist vedtekne handlingsprogram i Eid kommune var den 29. august i fjor. Etter sist vedtekne handlingsprogram har det kome inn eit nytt innspel til rullering av handlingsprogrammet. Det nye innspelet handlar om rehabilitering av undervarmeanlegget på Eid Idrettspark.