Konferanse om Stad skipstunnel

11. og 12. februar blir det arrangert konferanse om ringverknadar lokalt og regionalt av Stad skipstunnel.

Illustrasjonsfoto. 

Nyhende

Stadhavet er det mest vær utsette og farlegaste havstykket som er langs norskekysten. Målet med prosjektet er å sikre ein tryggare seglas forbi Stad. i Nasjonal transportplan 2014-2023 er det satt av 1,5 milliard kroner til prosjektet i første planperiode, og 1,3 milliardar i andre planperiode.

11. og 12. februar blir det arrangert konferanse om ringverknadar lokalt og regionalt av Stad skipstunnel. Konferansen vil sette søkjelys på potensialet med å bygge skipstunnelen, kva som rører seg i næringslivet for ein meir aktiv bruk av havrommet, korleis tunnelen kan skape store ringverknadar lokalt og regionalt. Denne konferansen er eit must for alle som er interessert i samferdsel.

Arrangørar for konferansen er Stad 2020, Stad Vekst, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Medarrangør er Vanylven utvikling AS og Nordfjordrådet.