Sluttføring av arbeid ved Selje kloster

Har fått 1,56 millionar til Selje kloster

Selje kommune har fått 1,56 millionar for 2018 til Selje kloster frå Riksantikvaren. Pengane skal brukast til konservering av Sunnivakyrkja på Selja.

Selje kloster er eit viktig anlegg også i nasjonal samanheng, og Riksantikvaren har delt ut midlar kvart år sidan 2006. –Vi er glad for pengane vi har fått, og at vi no kan vise fram eit kloster som vil stå seg i fleire hundre år framover, seier prosjektleiar Bjørn Jensen.   Foto: Arkiv

Nyhende

Gjennom tolv år har Selje kommune fått pengar frå Riksantikvaren til konserveringsarbeid ved Selje kloster. Til saman utgjer dette over 20 millionar kroner for å gjere helgenanlegget utrusta for å overleve også i framtida. Arbeidet med konservering har pågått sidan 2006, og ein er no ved siste faste. Det betyr at sjølve klostermurane og tilhøyrande tårn nede på sletta er klargjort. Medan arbeidet med Sunnivakyrkja oppe ved Sunnivahola gjenstår.