Ny kreftkoordinator for fem kommunar i Nordfjord

Vil skape ein møteplass

Pia Kvernevik er tilsett som ny kreftkoordinator i Nordfjord. Ho vil gjerne skape ein møteplass for kreftsjuke.

Kreftkoordinator Pia Kvernevik skal vere eit mellomledd mellom pasienten og helsevesenet, samt andre instansar som pasienten treng kontakt med. Ho er ein del av gruppa med ressurssjukepleiarar i kommunane, som skal hjelpe kreftråka når dei kjem ut av sjukehuset og heim. Der nokre kreftråka har gode prognosar, medan andre treng lindrande behandling ved slutten av livet.   Foto: Inger Træen

Nyhende

Pia Kvernevik frå Vågsøy blei 1. desember tilsett som ny kreftkoordinator for Nordfjord. Ein felles kreftkoordinator for kommunane Eid, Stryn, Vågsøy, Selje og Hornindal. Kvernevik er utdanna kreftsjukepleiar og har spesialutdanning i lindring og omsorg for kreftpasientar.