Skulevegsaka

Vil ha oppmjuking av regelverket

–Eg er heilt einig med foreldre til vgs-elevar på Hauane som krev gratis skuleskyss inntil gangveg som knyter bygda saman med Nordfjordeid sentrum er på plass.

Eit rigid regelverk som ikkje opnar for skjønn i heilt opplagde samanhengar må vi gjere noko med, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V), som no tek opp skulevegsaka for vgs-elevar på Haugen i Eid Formannskap.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Det seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) som no kjem til å legge fram ei sak for Formannskapet i Eid, der ein vil be om at Kommunenes Sentralforbund (KS) Sogn og Fjordane tek tak i saka slik at regelverket også opnar for skjønn i saker som den vi no har i Eid.