Autopass har skapt

Utfordringar

Endringane som er knytt til Autopass og køyremønsteret har skapt frustrasjon blant reisande. Dette har gått utover våre tilsette og autopassutstyret.

Lengst kø: Overvekt av bilistar utan autopassbrikke.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det skriv Fjord1 i ei melding samstundes som dei kjem med ei presisering.

–Vi ber alle trafikantar generelt om å følgje skiltinga på ferjekaia. Om kunden har autopassbrikke skal ein køyre til AutoPass-felt som er stengd med bom. Bommen opnar seg når systemet har lest og godkjent brikka. Her er det viktig å tilpasse farten. Om bommen ikkje opnar seg, kan brikka vere «ikkje fungerande» eller plassert på ein stad som hindrar systemet å lese det. Kunden må då køyre til det manuelle feltet, kor dette kan kontrollerast. Ved øydelagd brikke må kunden ta kontakt med utstedar av brikka, heiter det i meldinga frå Fjord1.


 

Nye reglar

Etter 31. januar er det berre køyretøy med gyldig brikke som får rabatt:

• Kundar med gyldig AutoPASS-brikke, men utan eigen AutoPASS-ferjekonto, får 10 % rabatt

• Privat AutoPASS-kundar med abonnement får 50 % rabatt

• Firma AutoPASS-kundar med abonnement får 40 % rabatt.


 

Kontakt mannskapet

Om ein har køyrt inn i AutoPASS-feltet er einaste veg ut i den enden på oppstillingsfeltet som er mot ferja. Det er ikkje mogleg å køyre ut same veg som ein kom inn. Om AutoPass-brikka er registrert på AutoPass-feltet, og ein likevel ikkje skal reise med ferja, må den enkelte ta kontakt med billettbod eller mannskapet slik at transaksjonen vert sletta.

I ferjesambanda til Fjord1 kor det er innført AutoPASS er det tilgjengeleg informasjon om bord i fartøyet. Kundar som har behov for informasjon kan kontakte mannskapet, heiter det til slutt i meldinga frå ferjeselskapet.