Sommaropen barnehage?

Vi ser om det er mogleg å halde ein eller fleire barnehagar opne i sommarferien.

Kommunesjef Harald Sivertsen opplyste onsdag oppvekst- og kulturutrvalet om at det kan bli aktuelt å halde ein eller fleire barnahage(ar) opne i sommarferien.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Kommunesjef Harald Sivertsen orienterte onsdag oppvekst- og kulturutvalet om at administrasjonen arbeider med å halde ein eller fleire barnehagar opne i sommarferien. Kommunestyret vedtok i desember sommarstengde barnehagar i Eid i to veker for å spare pengar.

– No ser vi at dette vil skape problem for folk som jobbar turnus. Også våre eigne tilsette. Vi ser difor på om det er mogleg å halde ein eller fleire barnehagar opne i sommarferien, sa Sivertsen.