Hospitering på Eid vidaregåande skule

Skal lære av kvarandre

Stig Rune Maurstad som er tilsett ved Nordvestvinduet har denne veka hospitert på Eid vidaregåande skule.

På hospitering: Stig Rune Maurstad (t.h.) har hospitert på Eid vidaregåande skule, og håper på vidare samarbeid mellom Nordvestvinduet og Eid vidaregåande skule. Her saman med elevar på skulen.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Det er vanleg at elevar som går vidaregåande skule hospiterer i bedrifter. Men på Eid vidaregåande skule kjem også bedriftene for å hospitere. Stig Rune Maurstad frå Nordvestvinduet, som har adresse i Almenningen, har nemleg vore på hospitering på skulen denne veka. Gjennom hospiteringa har han fått eit innblikk i kva utstyr elevane har å hjelpe seg med og kva utdanninga fokuserer på.