Femåring flydd til sjukehus

Kritisk skadd i fallulykke

Ein fem år gamal gut busett i Eid kommune kritisk skadd etter fallulykke.

Ein fem år gamal gut vart torsdag kveld flydd til Haukeland Universitetssjukehus etter fallulykke.   Foto: Illustrasjonsfoto.

Nyhende

Ein fem år gamal gut vart torsdag kveld flydd til Haukeland universitetssjukehus med kritiske skadar etter ei fallulykke. I ei kort pressemelding frå Haukeland universitetssjukehus heiter det at tidspunkt for ulykka var torsdag 10. januar klokka 18:50. Vidare at fallulukka skal ha skjedd heime.

Regionlensmann Tormod Hvattum seier til Fjordabladet at politiet i løpet av natta har vore på ulykkesstaden.

-Vi har vore på ulykkesstaden og gjort undersøkingar. På det noverande tidspunkt kan vi ikkje seie meir enn at det har vore ei ulykke, at ein femåring er frakta til sjukehus og at ulukka skjedde i heimen til femåringen, som er i Eid kommune, seier Hvattum.