Jackbow med ny låt

Rockebandet Jackbow frå Nordfjordeid kom fredag med sin tredje og nyaste låt.

Ny musikk: Jackbow startar 2019 med ny musikk. Fredag kom rockebandet frå Nordfjordeid med ny låt. Frå venstre: Peder Naustdal, Jakob Hagen, Håkon Høydal, Andreas Espelund og Karl Oskar Nyberg.  Foto: Arkiv

Vi slepp ikkje musikk vi ikkje er fornøgd med

På Malakoff: I fjor sommar spelte Jackbow på Malakoff. Det var lærerikt og god atmosfære, ifølgje bandet.   Foto: Arkiv

Nyhende

Dei spelte på Malakoff i eit smekkfullt Pepsi-Max telt i fjor sommar. Då hadde rockebandet Jackbow frå Nordfjordeid nettopp gjeve ut to offisielle låtar: «Somebody» og «Empty», som i januar 2019 har over 36.000 og 17.000 spelingar på strøymetenesta Spotify. No startar dei det nye året med å sleppe ny musikk. «These Days» er bandet sin tredje offisielle låt. Det har dei gledd seg til etter den gode responsen dei fekk på dei to andre låtane i sommar.

–Vi hadde lyst å sleppe låten før jul, men desember er ein dårleg månad å sleppe ny musikk. Sidan vi har ein del planar i januar passar det bra å sleppe den no, fortel Jackbow, som står på scena under Blest festivalen og 100 dagar, som er ein festival på Vestlandet og på mange måtar ein nettverksarena for festivalleiarar og ambisiøse musikarar.

–100 dagar blir viktig. Det blir kanskje noko av det viktigaste vi har gjort fram til no. Det er ein festival vi kan få mykje ut av med tanke på festivalar i sommar, fortel bandet.

Den nye låten

Sjølv om Jackbow berre hadde to låtar ute før dei slapp These Days fredag, har dei spelt live fleire låtar som ikkje er ute enno. These Days spelte dei også på Malakoff sist sommar, men har sidan gjort endringar.

–Vi har endra på den ein god del etter at vi spelte den på Malakoff, men folk som har høyrt den før, vil nok kjenne igjen delar av den. Men låten er i grunn heilt ny. Vi har fått god hjelp av flinke folk, fortel Jackbow.

Korleis vil dokke beskrive These Days?

–Den er litt større og litt kulare enn Somebody, som er rockelåten vår. These Days er kanskje ei blanding av dei to låtane vi har ute, men samtidig er den ulik det vi har frå før.

Som dei to andre låtane til Jackbow, ønskjer rockebandet at These Days skal vere open for tolking.

–Men det er litt «love» i låten, konstaterer dei.

Meir musikk i vente

Etter at dei spelte på Malakoff i 2018 hadde dei planar om å spele inn meir musikk, men ting tar tid i musikkbransjen og når ein går på skule. Men no er altså These Days endeleg ute. I tillegg til den nye låten, kan Jackbow røpe at dei jobbar med meir musikk. Dei har allereie spelt inn ein til låt, men det er usikkert når dei skal gje den ut. I tillegg driv bandet å jobbar med fleire låtar.

Men enn så lenge er dei fornøgd med å sleppe These Days.

–Vi slepp ikkje musikk vi ikkje er fornøgd med. Det er det viktigaste for oss, seier gjengen i Jackbow.