Framleis kritisk for femåring

Tilstanden var fredag framleis kritisk for femåringen som vart skadd i ei fallulykke i Eid.

Tormod Hvattum er regionlensmann i Nordfjord.  

Nyhende

Femåringen vart skadd torsdag kveld klokka 18.50. Han vart frakta til Haukeland sjukehus i Bergen med ambulansehelikopter, der tilstanden vart omtalt som kritisk. Fredag var tilstanden den same etter kva NTB får opplyst.

Fall i trapp

Ulykka skjedde i heimen til guten då han skal ha falle i ei trapp inne i huset, opplyste Vest politidistrikt til Bergens Tidende fredag morgon.

– Politiet har oppretta ei undersøkingssak. Vi gjer avhøyr og ser på kva som er skjedd, seier lensmann Tormod Hvattum i Nordfjord til NTB.