To køyretøy fekk gebyr

Det vart utsteda to gebyr på over 36.000 kroner grunna stor overlast då Statens vegvesen hadde kontroll onsdag.

Statens vegvesen hadde kontroll i Sørgulen onsdag.   Foto: Arkiv

Nyhende

Onsdag hadde Statens vegvesen kontroll i Sørgulen. Ifølgje Statens vegvesen var det etter eit tips om stor slitasje på FV 577 at det vart bestemt å ta ein kontroll på vegen. Under kontrollen i Sørgulen vart to lastebilar stoppa. Begge hadde overlast og det vart utsteda to gebyr på 36.000 kroner og 36.400 kroner.