Villaksåret 2019

Hurra for laksegleda

Dei ville laksestammane over heile den nordlege halvkula er kritisk trua takka vere miljøendringar og menneskeleg påverking. Men det internasjonale villaksåret 2019 skal formidle lakseglede og lære oss kva villaksen betyr for oss.

Målgruppa for villaksåret 2019 er folk flest. Mange skal gjennom arrangement over heile landet få sjansen til å prøve å ta storlaksen.   Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

Nyhende

– Noreg er ein stor nasjon når det gjeld villaks, og med dette følgjer det eit stort ansvar. Behandlinga av villaksen er avgjerande for heile framtida til arten, sa klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) da han tjuvstarta markeringa i Drammenselva i november.