Møte i oppvekst- og kulturutvalet

Fleirtal for «open hall»

Under møtet i oppvekst- og kulturutvalet onsdag vart det diskutert halleige og føreslått «open hall» på fredagar.

Open Hall: Tone Flem Ulvestad (Ap) fekk fleirtal for forslaget om å ha open hall på fredagar. Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

–Det hadde vore kjempeartig om vi fekk til «open hall», sa Tone Flem Ulvestad (Arbeidarpartiet) til Fjordabladet. Ulvestad fekk onsdag gjennomslag for forslaget om «open hall» på fredagar under møtet i oppvekst- og kulturutvalet. Utvalet la difor til eit punkt fire til rådmannen sitt framlegg til vedtak om halleige. Det nye punktet går på at kommunen stiller Eid Idrettshus og Eidahallen til disposisjon for «open hall» fredagar frå klokka 18:00 til variert aktivitet. Lag og organisasjonar kan dele på organiseringa, men må søkje ein månad i førevegen. Laga som arrangerer «open hall» er ansvarleg for trykkleiken og for kiosk.