Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H):

– Vi treng vekst i Vest

– Vi treng bedrifter – i aust og i vest, til havs og på land som lykkast internasjonalt, som skaper smarte og grøne jobbar for å få til eit berekraftig velferdssamfunn.

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.   Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Det sa næringsminister Torbjørn Røe Isaksen mellom anna i talen sin på konferansen til NHO Vestlandet, «Vest i Øst».

Han hadde mange godord å seie om næringslivet på Vestlandet, der pilene peikar oppover. Regionen er med på å gjere Noreg til ein leiande industrinasjon og havnasjon. Og næringslivet på Vestlandet går føre i det grøne skiftet.

Grøne jobbar

– For å byggje eit berekraftig velferdssamfunn må vi løyse nokre store utfordringar. For det første må vi gjennom eit grønt skifte og bli eit lågutsleppssamfunn, sa næringsministeren.

Berekraftsmåla gir strenge føringar for utviklinga i norsk næringsliv og på norsk politikk. Og næringslivet er i førarsetet, meiner Røe Isaksen.

– For det andre må vi gjennom eit digitalt skifte. No står vi midt oppi ei altomfattande omvelting av arbeidslivet, dagleglivet, heile samfunnet som vi ikkje har opplevd før. Den står ikkje minst næringslivet midt oppi, saman med styresmaktene, utdanningsinstitusjonane og alle som bur og jobbar i dette landet, sa næringsministeren.

Dei etablerte næringane våre blir framover endra med IKT.

– Det blir heller ikkje noko grønt skifte utan det digitale skiftet. Det er dette som skaper dei grøne jobbane, som skal bere eit berekraftig velferdssamfunn. Og derfor satsar også regjeringa knallhardt på digitalisering, sa næringsminister Torbjørn Røe Isaksen vidare.

Menneska i sentrum

Men han understreka at maskiner ikkje skal ta over verda. Det er vi menneska som skal utvikle og styre maskinene.

– Dei skal gjere livet enklare for oss, og ta over farlege og kjedelege oppgåver, sa ministeren.

Automatisering og robotisering skal skape nye moglegheiter.

Tillitsbygging

– For å gripe dei må vi dele kompetanse og teknologi. Men deling og testing er umogleg utan vårt kanskje fremste konkurransefortrinn: Tillit. Det må vi byggje vidare på. Den tilliten vi har – mellom leiar og medarbeidar, mellom partane i arbeidslivet, gjer det lett å ta i bruk ny teknologi, utvikle både medarbeidarane og bedrifta, og gjer det lett å omstille. Tillit er heilt nødvendig for at kapitalismen skal fungere, sa næringsministeren til tilhøyrarane frå næringslivet på Vestlandet.