Elskhug og eksis 2019

Inviterer til audition i fire kommunar

Elskhug og eksis 2019 inviterer til workshopsaudition i fire kommunar i Nordfjord.

Audition til årets Elskhug og eksis på Plassen i Eid startar opp på Nordfjordeid til helga.   Foto: Arkiv

Nyhende

Til våren er det igjen tid for det historiske spelet Elskhug og eksis på Nordfjordeid. Ny regissør i år er Torunn Lødemel Stokkeland frå Hornindal.

I år blir det invitert til audition i både Eid, Gloppen, Vågsøy og Stryn.

Første audition er på Eid no til helga, ungdom og vaksne på fredag, og barn på laurdag.

På Sandane blir det audition komande søndag.

Medan det er Måløy sin tur neste laurdag og audition i Stryn neste søndag.