– Kjekt med noko nytt

Søndag inviterte Eid kyrkjelege fellesråd til Stallgudsteneste på Norsk Fjordhestsenter.

APPLAUS: Karin Norvik (t.h.) og dei andre frammøtte såg ut til å vere godt fornøgde og takka for stunda med applaus.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Saman med konfirmantar, fuglar som kvitra og hestar som snøfta, bidrog prest Olaf Sigurd Gundersen til at det vart ei underhaldande samkome i vintermørket. Kyrkjelyden sette pris på ei gudsteneste litt utanom det vanlege.