Bård Stian skapte sin eigen arbeidsplass

Trivst godt med skogsarbeid

Bård Stian Dalseth (38) har skapt sin eigen arbeidsplass og skipa firmaet Dalseth Skog Og Vedlikehold AS som tek på seg ulike typar oppdrag for bedrifter, privatpersonar og det offentlege.

FURELUNN PÅ 30 KUBIKK: Rikeleg med fure i Kviane. På ei god dag kan Dalseth felle 30–35 tre. Dei største furene kan vere 15 meter, og eldste treet han har felt var 175 år.   Foto: Per Ole Lefdalsnes

Nyhende

Dalseth skipa sitt eige firma i juni i fjor, og opplyser at drifta det fyrste halvåret har vore svært lovande. Han tilbyr hovudsakleg tenester innan uttak av tømmer, men utfører og nedtaking av tre i hagar, fjerning/trimming av hekkar og snøbrøyting.