Treff dei som forstår kva du snakkar om

I staden for å sitje heime i godstolen og ete opp julekakene, har eit 20-tals veteranar vore samla i Firda kaserne i helga.

NORDFJORDTREFF: NVIO avdeling Sogn og Fjordane inviterte i helga veteranar med følgje til veterantreff på Firda kaserne. Treffet var for veteranar frå eller med tilknyting til Nordfjord. Bak frå venstre: Inger Knudsen, Rolf Sandøy Os, Arve Raftevold, Eivind Reme, Geir Hjelle, Steinar Frøholm, Olav Gausemel, Kjell Færestrand og Astrid Gausemel. I midten frå venstre: Per Frode Kissner, Jan Kai Torvanger, Ove Haugen, Roger Hellebust, Arve Starheim, Trond B. Øvregård og Siv Hjelle Eide. Framme frå venstre: Per Ove Sørland, Anne-Kirsti Noste, Ove Johan Haugerøy, Gøran Wågen, Tom Knudsen og Heidi Rosseland.  Foto: Anna Wuttudal

Eg vil alltid ha lyst til å reise ut att.

VELKOMMEN: Olav og Astrid Gausemel vert ønskt velkomne av styremedlem i NVIO (Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner) avdeling Sogn og Fjordane, Jan Kai Torvanger.  Foto: Anna Wuttudal

HAR DET GODT: Ein av dei tinga veteranane trekkjer fram av erfaringane frå utanlandsopphalda er at ein set meir pris på kor godt ein har det her i landet, ikkje minst med fri tilgang til rennande vatn. Frå venstre: Anne-Kirsti Noste, Per Frode Kissner, Rolf Sandøy Os og Jan Kai Torvanger.  Foto: Anna Wuttudal

VIL VERE MED: Tom og Inger Knudsen har vore på Forsvarets veteransenter sidan 17. desember, men reiste heim ein dag før tida, for å få med seg veteransamlinga på Firda kaserne. Tom har tenestegjort i Libanon og Makedonia, og Inger «er med på lasset».  Foto: Anna Wuttudal

VARME KLEMMAR: Det var mange varme klemmar og god basarsøllj på veterantreffet på Firda kaserne fredag.  Foto: Anna Wuttudal

VETERAN: Som 20-åring var Anne-Kirsti Noste med i FN-styrken i Libanon. No er ho med på å arrangere veterantreff.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

NVIO avdeling Sogn og Fjordane vart gjenoppliva i mai år, og sidan har det vore fleire treff, no for første gong ein heilaftan, med middag og mogelegheit for overnatting.

Veteranar som har vore i utanlandsteneste for forsvaret fortel om at det kan vere episodar du opplever etter heimkomst som kan trigge og dra deg tilbake og som kan skape problem mange år seinare. Mange har erfart at ein ikkje har nokon å prate med som forstår kva ein har opplevd. På veterantreffa er du saman med andre som veit kva du snakkar om. Det vanlege er at når du kjem heim får du spørsmål om du har drepe nokon og om du har blitt skoten på. Har du ikkje det, er interessa laber.

– I Afghanistan sa vi at Gud er norsk. Det var mange kulehol i antenner og hjelmar. Vi mista ti, men det kunna gått mykje verre, seier veteran Rolf Sandøy Os frå Vereide i Gloppen. Til liks med dei andre var han på veteransamlinga i Firda kaserne for å treffe folk som har liknande erfaringar som han sjølv, og som dei som aldri har vore ute i ein operasjon ikkje er i stand til å forstå.

– Du har levd lenge med eit høgt spenningsnivå og budd i telt saman med seks andre i lang tid. Då er det ein stor overgang å vere i ei leilegheit åleine. Det verste er når du kjem heim, og det du har å fortelje berre har nyheitas interesse i 22 sekund. Du kan tenkje deg å snakke i ti timar, medan andre raskt går over til å snakke om kva ein skal ha til middag eller kva som går på kino.

– Her er det folk som eg berre har møtt ein gong før, men eg har ingen problem med å setje meg ned saman med kven som helst og snakke om mi tid ute og deira tid ute, seier Os. Han var i Afghanistan i 12 månader i 2010 og seks månader i 2012.

I 2010 var det ein ganske turbulent periode. Sjølv var Os mesteparten av tida i leiren sidan han jobba som mekanikar, men han var også vognkommandør på eskorte, ein jobb som gjekk ut på å frakte folk trygt dit dei skulle.

Veteranen frå Gloppen har kompisar som også har vore ute, og som han deler erfaringar med, men han tykkjer likevel det er veldig kjekt å ha mogelegheit for å treffe fleire veteranar for å prate. Livssituasjonen med kone og barn tilseier at det er uaktuelt å vere ute no.

– Rastlausheita forsvinn aldri 100 %. Eg vil alltid ha lyst til å reise ut att. Eg hugsar gleda i 2010 då eg fekk vite at eg fekk ein kontingent til.

– Det var som å vinne i lotto.

Os ser tilbake på tida i utanlandsteneste som ei tid han ikkje ville ha vore forutan. Han var 23 år den første gongen han reiste ut og føler at det han har opplevd har vore med på å prege han på ein god måte.

– Eg føler at eg hadde godt av det. Du gjekk frå å berre ha deg sjølv og ei skjorte og vere oppteken av festing. Plutseleg var det noko som var litt meir seriøst, du vart ein del av noko som var større enn deg sjølv.

– Du set meir pris på det du har, og som mange tek for gitt.

– Du ser kor godt du har det, supplerer Anne-Kirsti Noste.


Eidajenta Anne-Kirsti Noste var 15 månader i marinen som førstegongsteneste i forsvaret. Det gav meirsmak. Ho hadde lyst til å oppleve noko meir enn det som alle andre gjer. Som 20-åring i 1989 reiste ho til Libanon med Norbatt. Den gongen var det 900 norske soldatar stasjonert der, av dei kring 80 damer, dei fleste av dei i saniteten eller i sambandstroppen.

Noste var i stabstroppen, der ho hadde varierte oppgåver, å vere på PX’en og å gå vakter.

Vatn, til dusj og toalett, måtte hentast i tankvogn frå ein brønn i Marjayoun. Innimellom var ho med på denne jobben. Drikkevatn måtte kjøpast på flasker. Ho gjekk patruljevakter på natta for å passe på ammunisjonslager og hadde OP-vakter i observasjonstårn der dei sat og passa på kva som bevega seg av menneske og køyretøy i området.

Noste fortel at ho budde i eit steinhus som Norbatt leigde i ein liten libanesisk landsby. Det var eit godt forhold mellom soldatar og lokalbefolkninga, og mange lokale lærte seg å snakke litt norsk. Libanesarane hadde butikkar og kafear som soldatane handla på, og dei tente pengar på klevask og andre tenester. Norbatt hadde sjukestove der også lokalbefolkninga fekk behandling. Tvers over gata budde 6 norske soldatar som allereie hadde vore der i 6 månader og som Noste fekk god kontakt med. Desse har ho framleis god kontakt med via Facebook.

I tillegg til oppdraget i Libanon fekk soldaten frå Eid også sett seg litt rundt i nabolanda. Ho var mellom anna til Israel nokre turar og på arrangert tur til Kairo i Egypt.

Somme fann kjærleiken i Libanon. Ein god del libanesiske damer er gift med tidlegare norske soldatar. Mellom andre er dottera til ei lokal dame som vaska kleda deira gift med ein tidlegare soldat og bur i Oslo.

Noste fortel at ho sjølv opplevde at ho hadde det bra dei seks månadene i Libanon. På grunn av den spente situasjonen er puls og adrenalinnivå høgare enn vanleg. Du går heile tida og passar på om det skjer noko. Der var episodar med bombing der dei måtte springe i shelter, eit slags tilfluktsrom.

– Du set meir pris på dei små tinga i kvardagen, som rennande vatn, seier major Per Frode Kissner, veteranen som framleis er ute i teneste.

Kissner er opphavleg frå Voss, han har hus på Breim, men bur i Estland der han jobbar i ei Nato-avdeling. Arbeidet går ut på å planlegge og legge til rette for ei avdeling som eventuelt skal flytte inn ved behov, dersom det oppstår ein situasjon der Estland treng støtte frå Nato. Det er berre 27 år sidan Russland trekte seg ut av landet, og det er framleis mange der som hugsar godt korleis det var å vere okkupert.

– Eg har vore der sidan 2016 og blir der nokre år til. Det er ein vanleg 9 til 4 jobb, seier majoren.

Han har vore på oppdrag ulike stadar i verda. I 2007 var han 8 månader i Afghanistan og i 2011–2012 eitt år i Syria.

I 2014 var Kissner i Sinai-ørkenen som liaison-offiser for å hjelpe Israel og Egypt med å halde fredsavtalen som dei inngjekk i 1982. Kissner karakteriserer dette som det mest rufsete oppdraget han har vore med på i sine 32 år i forsvaret. Her var det mykje bråk med IS-sympatisørar og terrorgrupper som fann på litt av kvart. Det var daglege trefningar mellom opprørarar og sikkerheitsstyrker, men her er det streng sensur og lite vert rapportert ut.

– Er du aldri redd?

– Alt har med innstilling å gjere. Du må vere førebudd på det verste, men håpe det beste. Den dagen det er slutt, så er det slutt. Det er farlegare å ferdast på Vestlandsvegar, seier major Per Frode Kissner.