Står på scena under Luttprisen

Når Luttprisen blir delt ut laurdag 19. januar, står nokre av artistane frå fylket på scena.

Aleks Grey er blant artistane som står på scena under Luttprisen.  Foto: Arkiv

Nyhende

Luttprisen er ei prisutdeling og gallakonsert for å feire det siste musikkåret. I tillegg til prisutdelinga står nokre av artistane frå fylket på scena. SJUR, frå Gloppen, som har hatt stor suksess saman med Isac Elliot og er på Spotify avspelt over 150 millionar gongar, tar med seg Aleks Grey, frå Eid, og SOFIA frå Gloppen på scena.

– Det å skape unike opplevingar er noko av det finaste eg veit. Så det å putte tre så talentfulle musikarar saman for første gong, det kan berre bli gull, seier prosjektleiar Stian Sjursen Takle i ei pressemelding.

Odd-Erik Lothe er blant dei meir erfarne artistane som står på Luttscena. Han gav ut samleplata «Songar» i 2018, og til Luttprisen kjem han med ny musikk. Også Line Dybdal frå Selje er blant artistane som står på scena. Ho skal framføre «Bli med Heim» saman med Karoline Løken-Nesthun som syng den i dokumentarserien Bli med Heim.  

Dei nominerte

Dei nominerte til Luttprisen er Sjur, Aleksander Pavelich, Eva Weel Skram, Thea Hjelmeland, Aleks Grey, Sofia Hyttedalen, Karl Seglem, Odd-Erik Lothe, Ketil Thorbjørnsen, Elida Høgalmen, Mona-Jill Gand og Vreid.